News & dates

Sjamanistanes inntogsmarsj

 Dag og Tid 12. aug side 32245 ordForfatter: LARS MOSSEFINN Lars Mossefinn er frilans kulturarbeidar og fast jazzmeldar Dag og Tid
Livet på Finnskogen er magisk, i alle fall med Sinikka Langeland som vegvisar.
Sinikka Langeland held fram med å henta fram og la seg inspirera av folkemusikktradisjonen frå Finnskogen. Dette arbeidet og denne fasinasjonen har prega Langeland i mest ein mannsalder. Her har ho med seg ensemblet frå første ECM-utgjevinga Starflowers (2007) og plata frå 2011 med Edith Södergrantekstar, The Land That Is Not.

Denne konstellasjonen har utvikla eit kollektivt uttrykk som sameinar det tradisjonelle og moderne. Dei vekslar om å vera i framgrunnen, men oftast ikkje i ein klassisk solist/kompkontekst. I denne konteksten føyer Trio Mediaeval seg inn som det mest naturlege som tenkjast kan. Klangen frå vokaltrioen står fint til den særmerkte røysta til Langeland og er med på å streka under kvaliteten i ein del av tekstane («Jacob’s Dream»). I andre samanhengar («Køyri») inngår trioen i det samla ensembleuttrykket. Tekstane, anten det er Langelands eigne eller tradisjonsstoff, blandar eller stiller opp mot einannan den sjamanistiske tradisjonen ein finn i runesongane og ein tidleg kristen salmetradisjon. Det som kunne ha vore banale mytologiske anekdotar, går med den musikalske handsaminga gjennom ein allegorisk transformasjon som gjer at ein tur i Langelands magiske skog blir opplevd som særs meiningsfull.FOLKEMUSIKK SINIKKA LANGELAND:

The Magical Forest SINIKKA LANGELAND, VOKAL OG KANTELE, ARVE HENRIKSEN, TROMPET, TRYGVE SEIM, SAKSOFONAR, ANDERS JORMIN, BASS OG MARKKU OUNASKARI, TROMMER, TRIO MEDIAEVAL, VOKAL. ECM 2448

Bildetekst:
– Sinikka Langeland har late seg inspirera av folkemusikktradisjonen frå Finnskogen i mest ein mannsalder

More news